Headlines

Skulestart i bomberom

Skulane rundt om i Ukraina er øydelagd, det kan vera for farleg å gå på skulen eller foreldra vågar ikkje å senda borna sine avgarde.

Fleire hundre skular er totalt øydelagde. Det er registrert angrep og øydeleggelsar på over 2.400 skular og utdanningsinstitusjonar sidan krigen eskalerte 24. februar.

BOMBEROM: Skulesaker og leker ligg klart i eit bomberom dersom borna må søke tilflukt på denne skulen i Kyiv. Foto: GENYA SAVILOV/AFP

– Betalar den høgaste prisen

Områda i øst er hardast ramma.

– Born og ungdom her har allereie levd med krig og konflikt i over åtte år. Å musta retten til god utdanning år etter år, kansje gjennom ein heil oppvekst. Dei er blant dei som betalar den høgaste prisen for krigens konsekvensar, seier Morten Tønnessen-Krokan, seniorrådgivar for Europa i Røde Kors i ein pressemelding.

TSJERNIHIV: Born leikar utanfor den bombanderte skulen deira. Foto: Emilio Morenatti/AP

TSJERNIHIV: Born leikar utanfor den bombanderte skulen deira. Foto: Emilio Morenatti/AP

– Mange som ikkje har noko skuletilbod

Dei færraste av skulane i landet har bomberom eller reknast som sikre til å kunna gjenåpna.

– I nokon områder vil skulen vera digital, men i øst der kamphandlingar pågår for fullt, er det mange som ikkje har noko skuletilbod. Utan internett, utstyr og elektrisitet blir det heller ingen digital undervisning, sier Tønnessen-Krokan.

SKULEBIBLIOTEK: Bibliotekaren Raisa Krupchenko prøver å samla saman bøker på eit bomba bibliotek. Foto: Leo Correa/AP

SKULEBIBLIOTEK: Bibliotekaren Raisa Krupchenko prøver å samla saman bøker på eit bomba bibliotek. Foto: Leo Correa/AP

Det gjeld og i vest der mange av foreldra vil halda borna sine heime av frykt for kva som kan skje.

Ein av fem familiar treng mental helsehjelp

Skulen i Ukraina er eit ankerfeste og ein møteplass i mange lokalsamfunn, men kan reknast som meir enn ein læringsstad.

– Meir enn nokon gong treng borna i Ukraina eit trygt miljø for leik og læring. Skulen er ein stad der vonde opplevelser og traumer kan fangast opp og bearbeidas, seier Tønnessen-Krokan.

KLASSEROMMET: Her spring seks-åringen forbi klasserommet sitt i Kramatorsk. Foto: Leo Correa/AP

KLASSEROMMET: Her spring seks-åringen forbi klasserommet sitt i Kramatorsk. Foto: Leo Correa/AP

Tønnessen-Krokan fortel og at på skulen får borna tilgang på livreddande informasjon om minefare og førstehjelp.

EVAKUERING: Her øver skuleborna seg på å evakuere på deira fyrste skuledag. Foto: Emilio Morenatti/AP

EVAKUERING: Her øver skuleborna seg på å evakuere på deira fyrste skuledag. Foto: Emilio Morenatti/AP

Skulegong gir borna ei kjensle av normalitet i det som ellers kan opplevast som kaotisk rundt dei. Difor er skulegong ein føresetnad for å beskytta borna og hjelpa dei med å tåle krisa dei står i, sier Tønnessen-Krokan.

– Eg er lei meg

12 år gamle Anna står i hennar tidlegare klasserom der pulten hennar pleide å stå før skulen vart bomba.

– Eg er veldig lei meg. Eg kan ikkje tru at dette skjedde med min skule, sa Anna til nyheitsbyrået AP.

ØYDELAGD: Klasserommet til 12 år gamle Anna er ikkje til å kjenna igjen. Foto: Emilio Morenatti

ØYDELAGD: Klasserommet til 12 år gamle Anna er ikkje til å kjenna igjen. Foto: Emilio Morenatti

Leave a Comment