Headlines

Tidlegare sjef for det russisk luftfartsinstituttet er død etter å ha falt ned ei trapp – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer

Den tidlegare sjefen for Moskvas luftfartsinstitutt (MAI), Anatoly Gerashchenko (73), døydde tysdag etter det instituttet seier er ei ulykke.

Ei anonym kjelde seier til den russiske avisa Izvestia at Gerashchenko fall frå ei stor høgde og datt ned fleire trapper. Legar skal ha erklært han død på staden.

Ein kommisjon skal vere sett opp for å undersøka dødsfallet. Dødsfallet har fått brei omtale i russiske medium det siste døgnet.

Band til forsvaret

Gerashchenko har jobba for instituttet sidan 1977, og har den siste tida vore rådgjevar for den noverande sjefen for MAI.

Det russiske forsvarsdepartementet har sterke band til instituttet, som Gerashchenko var sjef for mellom 2007 og 2015.

Gerashchenko har fått ei rekke statlege utmerkingar for arbeidet sitt, blant anna Fortenesteordenen til fedrelandet, ein av dei høgaste medaljane.

Fleire dødsfall

Det siste året har fleire høgtståande, russiske tenestemenn og forretningsmenn falle i døden.

Dødsfallet til Gerashchenko kjem to veker etter at ein høgtståande leiar i det russiske selskapet for oversjøisk utvikling, Ivan Pechorin, døydde etter å ha falle ned ei trapp på ein båt.

I starten av september døydde også styreformann i Russlands største oljeselskap Lukoil, Ravil Maganov, under uklare omstende.

Ifølge den russiske avisa RBC skal Maganov ha falle frå sjette etasje på sentralsjukehuset i Moskva. Han skal ha døydd på staden.

                    

I mars kom styret i Lukoil med ei utsegn der dei bad om ein slutt på krigen i Ukraina.

«Me uttrykker med dette våre djupaste bekymringar for dei tragiske hendingane i Ukraina. Me ber om ein slutt på den væpna konflikten på augneblinken, og uttrykker vår oppriktige medkjensle med alle ofra», står det i utsegna.

Fem oligarkar døde

Dei siste seks månadane har fleire russiske oligarkar blitt funne døde under uklare omstende.

Fleire blei funne døde saman med familien sin. Mange av dei er knytte til det russiske gasselskapet Gazprom.

Styresmaktene har i fleire av tilfella konkludert med at dødsfalla var sjølvmord, men den tidlegare visepresidenten i Gazprombank har sådd tvil om dette.

Leave a Comment